brimer_logo.png

Vi skaper frEmtidens tanksystemer
 

Brimer er en av Europas ledende produsenter av tanker, vannbasseng og siloer av glassfiberarmert plast. 

Siden starten i 1974, har vi utviklet tanksystemet Brimer - et fleksibelt og robust  tanksystem.

Tanker og basseng leveres til f.eks vannforsyning, vannrensing, kloakkrensing, fisk og fiskeforedling, industri, offshore og landbruk. Begrensningene er få og Brimer tanksystem kalles med rette mulighetenes tanksystem.

 

 

Blodvannstanker i glassfiber
Blodvannstanker i glassfiber
frogn_618_274.jpg
fiskemottak_lowres_618_274.png
fiskebaat_i_tank60.jpg
flyfoto.jpg
tank.jpg
tank2.jpg

VIDEOER

HER KAN DU SE VÅRE YOUTUBE FILMER

BRIMER TANKSYSTEM: - MONTERING AV HØYDEBASSENG

BRIMER TANKSYSTEM: - FISKEMOTTAK

BRIMER TANKSYSTEM: - PUMPEKUM / SJØVANNSINNTAK

NYHETER

SISTE NYTT

<p>Brimer med betydeleg kontrakt med Artec Aqua til stort oppdrettsprosjekt</p>
Brimer med betydeleg kontrakt med Artec Aqua til stort oppdrettsprosjekt
Brimer fekk hausten 2016 inn ei viktig ordre frå Artec Aqua som er totalleverandør til Salmobreed Salten AS, eit prosjekt med storsatsing på landbasert oppdrett.I Oktober 2016 sluttførte Brimer si hittil største kontrakt knytt til landbasert oppdrett. Artec Aqua var totalleverandør for Cermaq sitt settefiskanlegg på Forsan i Steigen. Brimer leverte då totalt 60 ulike kar til Artec Aqua.  Prosjektledar i Artec Aqua, Andres Thyri fortel at: «Erfaringa frå samarbeidet mellom Artec Aqua og Brimer i forbindelse med dette prosjektet, beviste at Brimer er ein god leverandør av karsystem, og prosjektet i Forsan var ei viktig erfaring i forkant av tildeling av kontraktar til Brimer for Salmobreed i Salten.»

Våren 2016 signerte Artec Aqua ein avtale med Salmobreed Salten AS om å bygge eit landbasert anlegg for produksjon av lakserogn. Kontraktsverdien er på over 300MNOK. Det nye stamfiskanlegget har fasilitetar for å halde stamfisk på land gjennom heile produksjonssyklusen og anlegget vil kunne levere rogn gjennom heile året. Heile anlegget skal stå ferdig i løpet av hausten 2018.   Dag Davik, salssjef for oppdrett i Brimer, har gleda av å annonsere at Brimer har inngått ei kontrakt med Artec Aqua om store leveransar til dette prosjektet. Davik fortel: «Brimer skal levere 16 oppdrettskar på 12m i diameter og 4m høge. Eit samla karvolum i underkant av 8000 kubikkmeter fordelt på påvekstavdelinga og avdelinga for kjønnsmoden fisk. I tillegg skal vi levere 21 CO2 luftingseiningar. Kara og CO2-luftarane er alle designa og produsert på Sunnmøre og då i fiberarmert plast. Prosjektet skal leverast til Salten i løpet av året og skal både monterast og ferdigstillast der av vårt prosjektteam.»   Dagleg ledar i Brimer, Håvard Haanes uttalar: «Dette er ei stor og svært betydeleg strategisk kontrakt. Arbeidet på Kvamsøy eller allereie igangsatt og vil gi betydeleg aktivitet i fabrikken i tida framover.»   Dag Davik avsluttar med: «Det å få på plass ei ny stor strategisk kontrakt innan landbasert oppdrett, like i etterkant av Forsan-prosjektet blei avslutta er ei stor fjør i hatten for oss. Vårt sals-team, med Jarle Støylen i spissen, har jobba målretta med ei satsing inn mot oppdrettsnæringa i lengre tid, og no haustar vi resultatet av det arbeidet. Vi ser fram til eit nært og godt samarbeid med Artec Aqua og Salmobreed i dette prosjektet.
16.01.17 07:39
BRIMER AS har tilsett ove Midtflø
BRIMER AS har tilsett ove Midtflø
Vi i Brimer er glade for at vi kan få ynskje Ove Midtflø velkomen til oss. Ove tok til i stillinga som prosjektsjef i Brimer 01.01.2017 Som prosjektsjef får Ove ansvaret for prosjekta våre, og alle våre prosjektleiarar, tekniske folk og montørar vil vere under Ove sitt ansvarsområde. Ove er utdanna maskiningeniør og kjem til oss etter 10 år som prosjektleiar i Rolls-Royce. Før det har Ove hatt ulike leiarstillingar innanfor oppdrettsnæringa. Med denne nyheita vil vi i Brimer ynskje alle ei god helg! 
06.01.17 13:36
SALGSSJEF OPPDRETT
Annonse pdf
13.06.16 08:03

BRIMER AS | N-6087 KVAMSØY | E: firmapost@brimer.no T: 70 01 55 00 - ALL RIGHTS RESERVED 2011