Fagprøver bestått i polymerkomposittfaget

Brimer har denne veka hatt 7 tilsette oppe til fagprøve i polymerkomposittfaget. Onsdag ettermiddag hadde samtlege gjennomført og bestått.

  

For å gjennomføre kurset krevst det fem år relevant praksis i faget, før man kan gå opp til eksamen. Formålet med fagprøva lyder som følgjer: «Faget skal bidra til å utvikle kompetente fagarbeidarar som utviklar og framstiller produkt med høg kvalitet, stor styrke, lav vekt og minimal miljøbelastning. Materiala og prosessane stiller høge krav til helse, miljø og sikkerheit.» Dette er for å sikre kvaliteten i alle ledd. Frå grundig fagleg innsikt, utvikle og forstå behandling av råvarer, produksjon og til ferdigstilling av produkt. Alt i tråd med krava om HMS.

 

Den teoretiske delen har våre folk vore gjennom tidlegare og avla eksamen på det i fjor. Under denne delen av eksamen skal kandidatane vise forståelse for å kunne uttryke seg munnleg og skriftleg, lese, rekne og bruke digitale verktøy i polymerkomposittfaget. Hovudområda er plastlaminering, herdeprosessar og kvalitet og dokumentasjon.

 

Den praktiske delen vart sluttført denne veka med eksamen i Brimer sine lokaler på Kvamsøy. Dei tilsette hadde ulike oppgåver tilpassa arbeids- og produktområda dei har i bedrifta. Dei tre montørane monterte ein tankring på 4m i diameter, dei to frå avdelinga for sprøytestøyping produserte høvesvis ein veggseksjon og ein takseksjon. Ragnar laminerte inn ei rørgjennomføring i eit veggelement og Wilhelm støypte eit veggelement i ein vakuumprosess. Eksaminatorar var Terje Simlenes frå Kongsberg Defence & Aerospace og Kjetil Groa frå Bilfinger Industrial Services Norway AS.

  

Kvalitet i prosess og produkt er avgjerande viktig for Brimer og våre kundar, og då å sikre at våre tilsette har fagbrev i polymerkomposittfaget er heilt sentralt for oss og styrkjer oss kompetansemessig. Vi veit også dette vert sett pris på av våre kundar, og sett på som ein viktig parameter i val av leverandør av komposittprodukt.

IMG_1417.jpg